Tusen takk er ein film på 12 minutt som består av tre sekvensar. Dei tek på ulike måtar føre seg kjensler knytt til det å gi og få gåver. Til dømes skuffelse, skyld, spenning og forventning.
Eli Mai Huang Nesse (f. 1992 Sogndal) tar for tida master i kunst på kunstakademiet i Oslo. Ho har ein bachelorgrad frå Kungl. Konsthögskolan i Stockholm, med utveksling til Kunst- og Designhøgskolen i Bergen. Huang Nesse har blant anna hatt separatutstilling ved Galleri Slakt (Bergen) og vist arbeider ved R1 Reaktorhallen (Stockholm), ABF-huset (Stockholm) og Høstutstillingen på Kunstnernes Hus (Oslo).
Musikken i del 2 er laga av Jo Mikkel Sjaastad Huse Takk til alle som har hjulpet til i prosessen.
Kuratert av Hedda Grevle Ottesen